Brevet til hebrearane 12:7
Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6for den Herren elskar, den tuktar han, og han hudflengjer kvar son som han tek seg av.»
8Men er de utan tukt, som alle hev fenge sin lut i, då er de lausingar og ikkje søner.
Read all of Brevet til hebrearane 12
Cross References
1 Samuel 2:29Kvifor trakkar de då på slagtofferi og grjonofferi mine som eg skipa til i min bustad? Kor kann du æra sønerne dine meir enn meg, so det godnar dykk med det beste av kvar offergåva som Israel, folket mitt, ber fram?»
1 Samuel 3:13Eg hev kunngjort for honom at eg vil døma ætti hans til æveleg tid, for den misgjerning som han visste um, at sønerne hans drog forbanning yver seg, og likevel aga han deim ikkje.
1 Kings 1:6Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom.
Job 34:31For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond.
Proverbs 19:18Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom.
Proverbs 23:13Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.