Brevet til hebrearane 6:1
Difor vil me springa yver barnelærdomen um Kristus og skrida fram til det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.
Read all of Brevet til hebrearane 6
Cross References
Isaiah 55:6Søk Herren medan han er å finna, kalla på honom den stund han er nær!
Zechariah 12:10Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen.
Matthew 4:17Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!»
Matthew 7:25Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg.
Matthew 21:32For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller.
Mark 6:12So tok dei i vegen og tala for folket og mana deim til å venda um.