Hosea 10:1
Eit rikt vintre er Israel og ber frukt. Men di meir frukt han fekk, di meir auka han talet altari sine. Di betre det gjekk for landet hans, di betre gjorde han minnesteinarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 14:23Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;
Isaiah 5:4Kva meir var det å gjera med min vinhage enn eg hev gjort? Kvi bar han villbær, når eg venta meg egte druvor?
Jeremiah 2:28Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.
Jeremiah 11:17Og Herren, allhers drott, som planta deg, hev sagt illsegn imot deg for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort til å harma meg upp, med å brenna røykjelse for Ba’al.
Hosea 2:8Og ho, ikkje skyna ho at det var eg som gav henne kornet og druvesafti og oljen, og som var storgjæv imot henne med sylv og med gull, som dei nytta ut for Ba’al.
Hosea 8:4Dei, kongar valde seg som ikkje var ifrå meg. Hovdingar tok dei seg, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet sitt og gullet sitt gjorde dei seg gudebilæte, so dei skulde verta utrudde.