Hosea 11:4
Med menneskjesnorer drog eg deim, med kjærleiksband. Og eg var deim som dei som lettar oket yver kjakarne deira, og eg bøygde meg ned til honom og let honom få mat.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 16:32Og Moses sagde: «Høyr no kva Herren segjer til dykk: «Ein full kanna med manna skal de gøyma, mann etter mann, so etterkomarane dykkar kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki, då eg fylgde dykk ut or Egyptarlandet!»»
Deuteronomy 32:12Det var Herren eine som førd’ han; ingen framand gud fylgde med.
2 Samuel 7:14Eg vil vera far for honom, han skal vera son min: gjer han noko gale, so vil eg refsa honom med manneris, med ulukkar som manneborn kann røyna;
Psalms 105:40Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim.
Isaiah 63:9I all deira trengsla var ingi trengsla, hans åsyns engel frelste deim; i sin kjærleik og si milda han løyste deim ut, han tok deim upp, og han bar deim alle fordoms dagar.
Jeremiah 31:3Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.