Hosea 11:9
Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm. Ikkje vil eg atter tyna Efraim. For Gud er eg og ikkje eit menneskje. Heilag er eg midt i deg, og med vreide vil eg ikkje koma.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 23:19Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.
Deuteronomy 32:26Eg hadde vilja blåse deim burt, so ingen mintest deim meir,
2 Samuel 20:10Amasa vara seg ikkje for sverdet som Joab hadde i hi handi. Dermed gav han honom ein støyt i livet, so innvolarne rann ut på marki. Og han døydde på flekken, berre av det. Joab og Abisai, bror hans, heldt fram og forfylgde Seba Bikrison.
Psalms 85:4Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.
Isaiah 27:4Vreide hev eg ikkje; men vilde tornar og tistlar reisa seg til krig, skulde eg gå laus på deim, brenna deim heilt upp -
Isaiah 55:8For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren.