Hosea 2:13
Soleis skal eg refsa henne for Ba’als-dagarne hennar, då ho brende røykjelse for deim og prydde seg med nasering og bringespenne og for etter elskarane sine, men gløymde meg, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:34Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.»
Deuteronomy 8:11Agta deg at du ikkje gløymer Herren, din Gud, og bodi og fyresegnerne og loverne hans, som eg legg fyre deg no!
Judges 2:11då gjorde Israels-sønerne det som var Herrens imot, og dyrka Ba’als-bilæti;
Judges 10:6Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti og Arams-gudarne og Sidons-gudarne og Moabs-gudarne og ammonitargudarne og filistargudarne; dei vende seg frå Herren, og dyrka ikkje honom.
1 Kings 16:31Det var ikkje nok for honom at han livde i synderne til Jerobeam Nebatsson, men han tok jamvel og gifte seg med Jezabel, dotter åt sidonarkongen Etba’al, og gjekk so av stad og tente Ba’al og tilbad honom.
2 Kings 1:2Ahazja låg sjuk, av di han hadde dotte ned millom handridet på loftstova si i Samaria. Han gjorde då av stad ei sendeferd og baud deim fara av og spyrja Ekronguden Ba’al-Zebub um han skulde koma seg av denne sjukdomen.