Hosea 2:23
Og plantar meg henne i landet og miskunnar Lo-Ruhama, og eg segjer til Lo-Ammi: «Folket mitt er du!» og ho, ho skal segja: «Min Gud!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Og jordi skal bønhøyra kornet og druvesafti og oljen, og dei skal bønhøyra Jizre’el.
Cross References
Deuteronomy 26:17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
Psalms 68:31Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.
Psalms 118:28Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.
Isaiah 44:5Ein segjer: «Eg høyrer Herren til,» ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren,» og brukar til ærenamn Israel.
Jeremiah 31:27Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneskje og sæde av dyr.
Ezekiel 36:29Og eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska. Og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje senda svolt på dykk.