Hosea 2:5
For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk deim, for skamleg åt, med di ho sagde: «Eg vil fara etter elskarane mine. For dei gjev meg maten min og drykken min, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4Og borni hennar, ikkje vil eg miskunna deim; for horeborn er dei.
Cross References
Ezra 9:6og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels.
Isaiah 50:1So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt dykkar mor som eg hev sendt henne burt med? Eller hev eg nokon kravsmann som eg hev selt dykk til? Nei, for synderne dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.
Jeremiah 2:20For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor.
Jeremiah 3:1Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Jeremiah 11:13For gudarne dine, Juda, er vortne like mange som byarne dine, og du hev reist like mange altar for skjemdi, altar til å brenna røykjelse på for Ba’al, som det er gator i Jerusalem.
Jeremiah 44:17men me vil gjera etter alt det som me hev lova med vår munn; å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre og kongarne våre og hovdingarne våre, i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne. Då hadde me nøgdi av brød, og det gjekk oss vel, og me såg ingi ulukka kom yver oss.