Hosea 2:7
Når ho då renner etter elskarane sine, skal ho ikkje nå i deim, når ho leitar etter deim, skal ho ikkje finna deim. Då skal ho segja: «Eg vil attende til den fyrste mannen min. For betre hadde eg det då enn no.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 8:17Seg ikkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.»
2 Chronicles 28:20Men assyrarkongen, Tilgat-Pilneser, drog imot honom og for fiendsleg fram imot honom i staden for å hjelpa honom.
Nehemiah 9:25Dei hertok borgerne og reiv til seg den feite jordi, eigna til seg hus fulle av alle gode ting, tok gravne brunnar, vinhagar, oljeplantingar og aldetre i mengd. Dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store rikdom.
Isaiah 30:2som fer av stad til Egyptarland, og hev ikkje spurt etter mitt ord - dei vil verna seg med Faraos vern og finna livd i skuggen av Egyptarland!
Isaiah 31:1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
Jeremiah 2:28Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.