Hosea 2:9
Difor skal eg taka att kornet mitt når korntidi kjem, og druvesafti mi i rette stundi, og taka burt ulli mi og linet mitt, det som ho skulde løyna blygsli si med.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 17:10For du hev gløymt Gud, frelsaren din, og minnest ikkje ditt sterke fjell. Difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i deim.
Ezekiel 16:39Og eg vil gjeva deg i deira hand, og dei skal riva ned din kvelving, og brjota ned dine haugar, og hava av deg klædi dine, og taka dine dyrverdige prydnadsting, og lata deg liggja der naki og berr.
Daniel 11:13Kongen i Norderlandet skal fylkja ein ny her, større enn hin; og um nokre års tid skal han koma med ein stor krigsher og stort træn.
Hosea 8:7For vind sår dei, og storm skal dei hausta. Avling skal dei ikkje få, grøda skal ikkje gjeva føda, og um ho det gjer, skal framande eta det upp.
Joel 2:14Ja, kven veit? Han snur og angrar, og han legg etter seg velsigning, grjon- og drykkoffer for Herren, dykkar Gud.
Haggai 1:6De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.