Hosea 4:16
Um Israel stritar imot som ei balstyri ku, so skal Herren på hyrdingvis no føra deim som lamb på vidåtta.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Bunden til avgudsbilæte er Efraim. So fær han då fara!
Cross References
Leviticus 26:33Og dykk skal eg spreida bland folki; med drege sverd skal eg elta dykk, og landet dykkar skal verta ei audn, og byarne skal verta røysar.
Isaiah 5:17Og lamb gjeng der på beite som på si eigi mark, og aude tufter etter rikmennerne beiter framande av.
Isaiah 22:18han skal vinda deg saman til eit nysta og kasta deg som ein ball ut på vidvangen. Der skal du døy, og dit skal dei gilde vognerne dine koma, du skamflekk for huset åt herren din.
Jeremiah 3:8Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje hennar utrue syster Juda like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med.
Jeremiah 5:6Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
Jeremiah 8:5Kvi hev då denne Jerusalems-lyden falle frå med eit ævelegt fråfall? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje snu um att.