Hosea 4:3
Difor ligg landet i sorg, og alt som bur i det, sjuknar burt, både dyri på marki og fuglarne under himmelen. Jamvel fiskarne i havet set til.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.
4Like vel skal ingen skjella og ingen refsa; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.
Cross References
Isaiah 33:9Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.
Jeremiah 4:27For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det.
Jeremiah 9:9Skulde eg ikkje heimsøkja deim for slikt? segjer Herren; skulde mi sjæl ikkje hemna seg på slikt eit folk?
Ezekiel 38:20Og skjelva for mi åsyn skal fiskarne i havet og fuglarne under himmelen og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi og kvart eit menneskje som er på jord-yta. Og rivna skal fjelli, og rynja skal hamrarne, og kvar ein mur skal falla til jordi.
Amos 1:2Han sagde: Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Då sturer dei hyrding-lider, og Karmels hovud vert svidd.
Amos 8:8Skulde’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi?