Hosea 5:15
Eg gjeng min veg attende til min stad, til dess dei hev lide det dei hev fortent, og so fer til å søkja mi åsyn. I si naud skal dei leita etter meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 25:21So skal du leggja loket på kista, og inni kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.
Deuteronomy 4:29Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug.
Judges 4:3Og Israels-sønerne ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-sønerne hardt i tjuge år.
Judges 10:10Då ropa Israels-sønerne til Herren og sagde: «Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba’als-bilæti!»
1 Kings 8:47og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege,»
2 Chronicles 7:14og folket mitt, som er uppkalla etter namnet mitt, då bøygjer seg og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå si vonde ferd, då vil eg høyra frå himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.