Hosea 6:1
«Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev såra, og han vil lækja oss. Han slo, men vil og fetla oss.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:39Ser de no at eg er sjølv eine: Det er ingen Gud utan eg! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg gjer heil; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.
2 Chronicles 30:6Det gjekk då snøggbod ut i heile Israel og Juda med brev frå kongen og hovdingarne hans, etter som kongen hadde bode, og sagde: «De Israels-søner, vend um att til Herren, Abrahams og Isaks og Israels Gud, so han må venda seg til den leivningen av dykk som hev kome seg undan or henderne åt assyrarkongarne!
Job 22:23Vend um til Allvald, då du byggjest og jagar syndi frå ditt tjeld.
Psalms 30:7Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»
Isaiah 2:3Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.
Isaiah 30:26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.