Hosea 7:3
Med vondskapen sin fegnar dei kongen, og hovdingarne med lygnerne sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
They make the king glad with their wickedness, and the princes with their lies.
In Context
Cross References
1 Kings 22:6Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
Jeremiah 5:31Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?
Jeremiah 28:1So hende det same året, i den fyrste tidi Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, i det fjorde året, i den femte månaden, at Hananja Azzursson, profeten frå Gibeon, sagde med meg i Herrens hus beint upp i augo på prestarne og alt folket:
Hosea 4:2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.
Hosea 7:5På dagen åt kongen vår drikk hovdingarne seg sjuke på heit vin. Sjølv tek han spottarar i handi.
Micah 6:16For fyreskrifterne åt Omri agtar dei vel på, og all gjerning av Ahabs hus, og etter deira råder er det de ferdast, for eg skal gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.