Hosea 7:4
Alle i hop er dei horkarar. Dei likjest ein omn som bakaren hitar upp. Han held upp med eldingi frå di han knodar deigen til dess ho er syrt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Med vondskapen sin fegnar dei kongen, og hovdingarne med lygnerne sine.
5På dagen åt kongen vår drikk hovdingarne seg sjuke på heit vin. Sjølv tek han spottarar i handi.
Cross References
Jeremiah 5:7Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
Jeremiah 9:2Å, um eg hadde eit herbyrge i øydemarki! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå deim. For alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.
Hosea 4:12Folket mitt spør stokken sin til råds, og hentar seg rettleiding av sin stav. For ei hordoms ånd hev villa deim, so dei med hor dreg seg burt ifrå sin Gud.
James 4:4De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.