Hosea 8:13
Til slagtoffergåvor åt meg ofrar dei kjøt som dei et - Herren hev ikkje hugnad i deim. No kjem han i hug misgjerningarne deira og heimsøkjer deira synder. Dei skal fara attende til Egyptarland.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Um eg skriv lover åt han i titusundtal, so reknar han deim berre som framande lover.
Cross References
Exodus 32:34Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.»
1 Samuel 15:22Då sagde Samuel: «Meiner du Herren hev hugnad i brennoffer og slagtoffer likso mykje som i lydnad mot Herren? Nei, lydnad er betre enn likaste offeret, ope øyra betre enn feitaste veren.
Isaiah 1:11Kva skal eg med alle slagtofferi dykkar? segjer Herren. Eg leidest ved brennoffer av verar og ved feitt av gjødkalvar; og blod av uksar og lamb og bukkar hugar meg ikkje.
Jeremiah 14:10So segjer Herren um dette folket: Soleis likar dei å reika um; dei sparer ikkje føterne sine. So hev då Herren ikkje hugnad i deim; no vil han minnast misgjerningarne deira og heimsøkja synderne deira.
Hosea 5:6Um dei fer av stad med sitt småfe og sitt storfe og skal søkja Herren, so finn dei honom ikkje. Han hev drege seg ifrå deim.
Hosea 7:2Og dei segjer ikkje med seg sjølve seg at eg minnast all deira vondskap. No er dei ringa inne av sine eigne gjerningar, dei er komne framfyre mi åsyn.