Hosea 9:4
Dei skal ikkje renna ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slagtofferi deira vera hugsame for honom; som syrgjebrød for deim. Alle som et av det, skal verta ureine. For brødet sitt hev dei berre for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Kva skal de so gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag?
Cross References
Exodus 40:23og skipa brødi i rader på det for Herrens andlit, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Leviticus 21:6Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage.
Leviticus 21:17«Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
Numbers 4:7Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.
Numbers 28:2«So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»
Nehemiah 8:9Nehemia, jarlen, og den skriftlærde presten Ezra, og levitarne, som lærde folket, sagde til alt folket: «Denne dagen er heilag for Herren, dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde dei ordi i lovi.