Isaiah 1:13
Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjæl, dei hev vorte meg ei byrd, som eg ikkje orkar bera.
Cross References
Exodus 12:16Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagarne skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til og elles ingen ting gjera.
Leviticus 26:31Eg vil leggja byarn’ i røys, og riva templi ned, og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar;
Numbers 28:10Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
Deuteronomy 16:1Kom i hug aksmånaden! Då skal du halda påskehelg for Herren, din Gud; for i aksmånaden førde Herren deg ut or Egyptarland, nattarstider.
1 Chronicles 23:31Og dei skulde ofra alle brennoffer åt Herren på kviledagar og høgtiderne, so mange som fastsett var, og soleis som det var deim fyresagt, allstødt for Herrens åsyn.
Proverbs 7:14«Eg hev på meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag.