Isaiah 1:18
Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren. Um synderne dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø. Um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som ull.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
19Berre de er viljuge og lyder, so skal de få njota det gode i landet.
Cross References
Psalms 51:7Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.
Isaiah 1:23Dine styresmenner er upprørsmenner, dei held lag med tjuvar. Alle so elskar dei mutor og jagar etter vinning. Den farlause hjelper dei ikkje til retten sin, og saki åt enkja kjem ikkje deim ved.
Isaiah 41:1Høyr stilt på meg, de strender, lat folki få seg ny kraft! Lat deim so koma hit og tala! Til doms me fylgjast åt.
Isaiah 43:24Ikkje hev du for pengar kjøpt meg krydderøyr, og ikkje kveikt meg med feittet av dine slagtoffer. Nei, du hev trøytta meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.
Isaiah 44:22Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
Micah 6:2Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren fører sak med folket sitt, og med Israel vil han ganga til doms.