Isaiah 1:26
Og atter vil eg gjeva deg slike domarar som du hadde fyrr, og slike rådsmenner som du ein gong åtte. Og då skal du heita «rettferdsby», «den trufaste borgi».
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
25Og eg vil retta mi hand imot deg og reinsa ut ditt slagg som med lut, og skilja ut alt ditt bly.
27Ved rett skal Sion verta utløyst og ved rettferd dei som umvender seg der.
Cross References
Numbers 12:3No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneskje på jordi.
1 Samuel 12:2No heretter vil kongen verta styraren dykkar. Eg er gamall og grå, og sønerne mine er hjå dykk. Frå ungdomsåri til i dag hev eg vore styraren dykkar.
Isaiah 2:3Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.
Isaiah 33:5Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.
Isaiah 60:17Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.
Isaiah 62:1For Sions skuld vil eg ikkje tegja; for Jerusalems skuld vil eg ei vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som solskin og hennar frelsa som brennande kyndel.