Isaiah 1:31
Og den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste, og dei brenn båe til saman, og ingen sløkkjer.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
30For de skal verta som ei eik med visnande lauv og som ein hage utan vatn.
Cross References
Judges 15:14Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.
Isaiah 9:19Ved harmen til Herren, allhers drott, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.
Isaiah 27:4Vreide hev eg ikkje; men vilde tornar og tistlar reisa seg til krig, skulde eg gå laus på deim, brenna deim heilt upp -
Isaiah 34:9Og bekkjerne i det skal verta til bik, og moldi til svåvel, og markerne i det skal verta til brennande bik.
Isaiah 50:11Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler! Inn med dykk i logen av elden dykkar, og under dei brandpiler de hev kveikt! Frå mi hand skal det koma yver dykk, i pinsla skal de få liggja.
Ezekiel 20:47Og du skal segja til skogen i sud: Høyr Herrens ord! so segjer Herren, Herren: Sjå, eg set eld på deg, og han skal svida av kvart eit grønt tre og kvart eit turt tre i deg. Den logande elden skal ikkje slokna, men han skal skambrenna kvart eit andlit frå sud til nord.