Isaiah 1:7
Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:33Eit folk du ikkje kjenner, et upp det som du hev avla på di fedrejord, og alt som du hev vunne med ditt stræv; trælka og trådd på vert du jamt og samt.
Deuteronomy 28:48so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.
2 Chronicles 28:16På den tid sende kong Ahaz bod til assyrarkongen um hjelp.
Psalms 107:39So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg.
Isaiah 5:9Frå Herren, allhers drott, kling det i øyro mine: Sanneleg, dei mange husi skal leggjast i øyde, kor store og gode dei er, skal ingen bu der.
Isaiah 6:11Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark,