Isaiah 10:15
Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 17:13Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd,
Isaiah 29:16Å, kor bakvendt! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so det han hev gjort, kunde segja um honom som gjorde det: «Han hev ikkje gjort meg,» og det som er laga, segja um honom som laga det: «Han hev ikkje vit på det?»
Isaiah 45:9Ve den som trættar med skaparen sin! Eit skålbrot millom dei andre av jord. Kann leiret til formaren segja: «Kva gjer du?» Eller verket ditt segja: «Han hev ikkje hender?»
Ezekiel 28:9Skal tru du då vil segja: «Eg er ein gud,» beint uppi syni på din banemann, endå du er eit menneskje og ingen gud i handi på din dråpsmann?