Isaiah 10:20
På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
19Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.
21Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.
Cross References
2 Kings 19:31For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette.
2 Chronicles 28:20Men assyrarkongen, Tilgat-Pilneser, drog imot honom og for fiendsleg fram imot honom i staden for å hjelpa honom.
Isaiah 1:9Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra!
Isaiah 6:13Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»
Isaiah 17:7På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage.
Isaiah 37:4Kann henda høyrer Herren, din Gud, det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att.»»