Isaiah 10:33
Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
34Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.
Cross References
2 Chronicles 32:21Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
Isaiah 2:11Menneskja skal slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod skal bøygjast, og einast Herren standa høg på den dagen.
Isaiah 2:13Yver alle cedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basaneikerne,
Isaiah 18:5For fyrr hausten er inne, just då blømingi er til ende, og blomen fer til å mognast til druva, då skal han skjera av rankorne med hagesigden og hogga renningarne burt.
Isaiah 37:24Ved tenarane hædde du Herren og sagde: «Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressorne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste hagen;
Jeremiah 22:7Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.