Isaiah 11:9
Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 22:27Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psalms 98:2Herren hev kunngjort si frelsa, for augo på heidningarne hev han openberra si rettferd.
Isaiah 11:13Då skal Efraims ovund kverva, og uvenskapen hjå Juda vika; Efraim skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje visa uvenskap mot Efraim.
Isaiah 32:16Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.
Isaiah 35:9Der skal det ingi løva vera, og inkje villdyr skal koma inn på honom, dei skal ikkje finnast der; men utløyste skal ferdast der.
Isaiah 49:6han segjer: «D’er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og Israels leivningar føra til meg. So vil eg gjera deg til heidningljos, at mi frelsa kann nå til enden av jordi.»