Isaiah 13:22
Ulvar skal yla i borgerne og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagarne skal ikkje drygast ut.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 14:23Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.
Isaiah 34:13Og klunger skal renna i slotti der, og netla og tistlar i borgerne, og det skal vera ein bustad for sjakalar og ein stad for strussar.
Isaiah 35:7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.
Ezekiel 7:7No er det din tur, du som i landet bur. Tidi er komi, nær er dagen med ståkande rådløysa og ikkje med fagnadrop på fjelli.
Zephaniah 2:14Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive.
2 Peter 3:9Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, då han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending.