Isaiah 14:2
Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 25:44Vil du få deg tenestdrengjer eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann du kjøpa både drengjer og gjentor av heidningarne som bur rundt ikring dykk,
Psalms 68:18Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.
Isaiah 49:22So segjer Herren, Herren: Sjå, eg lyftar mi hand for heidningarne, og reisar mitt merke for folkeslagi, so kjem dei med sønerne dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.
Isaiah 60:4Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.
Isaiah 60:14Bøygde kjem til deg borni åt trælkaran’ dine, dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føterne dine, og dei skal kalla deg «Herrens by», «Sion åt Israels Heilage».
Isaiah 66:12For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv, og herlegdomen hjå folki som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.