Isaiah 14:22
Eg vil reisa meg imot deim, segjer Herren, allhers drott, og eg skal rydja ut or Babel både namn og leivning, både born og barneborn, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 14:10Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.
Job 18:19Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.
Proverbs 10:7Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.
Isaiah 21:9Og sjå, no kjem her ei skreid av menner, ridarar par um par!» Og han tok til ords og sagde: «Falle, falle hev Babel! Alle avgudsbilæti deira hev han krasa og kasta til jordi.»
Isaiah 47:9Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg på ein einaste dag, barnløysa og enkjestand kjem på deg i fullaste mål, tråss i dine mange trollingar og dine sterke bannlysingar.
Jeremiah 50:29Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage.