Isaiah 14:23
Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 14:10Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.
Isaiah 13:21Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.
Isaiah 34:11Og pelikan og bustyvel skal eiga det, og kattula og ramn skal bu i det, og ein skal spana ut yver det mælesnøre til øyding, og bruka lodd til å gjera det tomt.
Jeremiah 51:25Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.
Zephaniah 2:14Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive.
Revelation 18:2Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, og ho hev vorte bustad for vonde ånder, eit fangebol for alle ureine ånder, og eit fangebol for alle ureine og styggjelege fuglar.