Isaiah 14:3
På den dagen, då Herren gjev deg kvild for di møda og din angest og frå den harde trældomen din, som vart lagd på deg,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:65og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;
Isaiah 11:10På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg.
Isaiah 32:18Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
Jeremiah 30:8Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers drott, at eg vil brjota oket hans av halsen din, og bandi dine vil eg riva sund. Ja, framande skal ikkje trælka honom lenger.
Jeremiah 46:27Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg ut or burtlengste land, og avkjømet ut or utlægdi. Og Jakob skal koma tilbake og liva i ro og fred, og ingen skal skræma honom.
Ezekiel 28:24Og det skal aldri meir vera for Israels-lyden ein stingande klunger eller svidande tistel av alle deira grannar som svivyrder deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.