Isaiah 14:4
då skal du syngja denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: «Kor hev ikkje valdsherren vorte still og pinestaden tagall!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Herren hev brote sund staven åt dei gudlause, kongsstaven åt hardstyrarane,
Cross References
Isaiah 9:4For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen.
Isaiah 14:6som slo folkeslag i harm med slag på slag og bøygde folk under seg i vreide og trælka deim utan nåde.
Isaiah 21:2Ei hard syn er meg kunngjord: «Ransmenner ranar, hermenner herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! På kvar ein sukk vil eg gjera ende på.»
Isaiah 47:5Set deg stilt og gøym deg i myrkret, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast dronning yver riki.
Isaiah 51:23Og eg gjev det i handi på plagaran’ dine, dei som sagde til deg: «Legg deg ned, so me kann få trøda på deg!» og du gjorde din rygg lik flate marki, som ei gata for ferdafolk.
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.