Isaiah 14:6
som slo folkeslag i harm med slag på slag og bøygde folk under seg i vreide og trælka deim utan nåde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Herren hev brote sund staven åt dei gudlause, kongsstaven åt hardstyrarane,
7All jordi nyt no kvild og ro; dei bryt ut i fagnadrop.
Cross References
2 Chronicles 36:17Han sende kaldæarkongen imot deim, og han drap deira unge mannskap med sverd i det heilage huset deira og sparde korkje unggut eller ungmøy, gamall eller gråhærd. Alt gav han i hans hand.
Proverbs 21:30Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
Isaiah 10:14og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»
Isaiah 21:1Framsegn um Hav-øydemarki. Som ein framfarande storm i Sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.
Isaiah 46:10eg som frå upphavet enden varslar, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: «Mi rådgjerd skal standa, og alt det eg vil, det gjer eg!»
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.