The Bible Software
Isaiah · Studentmållagsbibelen frå 1921

Isaiah 15

1Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.

2Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.

3På gatorne sveiper dei sekk um seg, på tak og på torg jamrar deim alle, tårorne fløymer.

4Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom.

5Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og på vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.

6Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.

7Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.

8Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling.

9For Dimonsvatnet er fullt av blod. Og endå meir let eg koma yver Dimon: ei løva yver deim som er berga av Moab, yver leivningen i landet.

← Isaiah 14Read In The App, Free →Isaiah 16 →

Study Isaiah 15

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566