Isaiah 16:4
Lat mine burtdrivne finna tilhald hjå deg, ver ein verneskjold åt Moab imot mordaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkaren hev fare or landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 24:14Du skal ikkje vera hard mot ein arbeidsmann som lid naud og er fatig, anten han høyrer til ditt eige folk, eller det er ein av dei framande som held til hjå dykk, i by eller bygd.
Isaiah 14:4då skal du syngja denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: «Kor hev ikkje valdsherren vorte still og pinestaden tagall!
Isaiah 25:10For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet. Moab skal verta nedtrakka der han er, liksom halm vert trakka ned i mykjavatn.
Isaiah 51:13Og du gløymer Herren, din skapar, himmel-utspanaren, jord-grunnfestaren, og ræddast stødt all dagen for valdsmanns vreide! Når han siktar på øydeleggjing, kvar er då valdsmanns vreide?
Jeremiah 48:8Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.
Zechariah 9:8Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver deim; for no hev eg set med eigne augo.