Isaiah 17:1
Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 15:2Då sagde Abram: «Herre, min Gud, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.
2 Kings 16:9Assyrarkongen lydde honom, og assyrarkongen drog upp mot Damaskus, hertok byen og førde folket burt til Kir; og Resin slo han i hel.
2 Chronicles 28:5Difor gav Herren, hans Gud, honom i henderne på syrarkongen, og dei vann siger yver honom og tok av folket hans ei stor mengd til fangar, som dei førde til Damaskus. Sameleis vart han gjeven i handi på Israels-kongen og leid ein stor usiger.
Isaiah 7:8For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal Efraim vera lagt i øyde, so det ikkje meir er eit folk.
Isaiah 10:9Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?
Isaiah 15:1Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.