Isaiah 18:7
På den tidi skal det berast gåvor fram til Herren, allhers drott, frå det røslege folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers drott, bur, til Sionsfjellet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 68:29Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
Psalms 72:9Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold.
Isaiah 18:4For so hev Herren sagt til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad, liksom soli gløder ned um sumaren, og liksom skyi sender dogg i den heite skurdtidi.
Isaiah 45:14So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.»
Micah 4:13So reis deg då og tresk, du dotter Sion! for eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du kann knustra mange folk; og herfanget deira skal du bannlysa åt Herren, og skattar deira til allheims drott. No flokkar du deg saman, du dotter «flokk». Skansar hev dei kasta upp imot oss. Med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.
Zechariah 14:16Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi.