Isaiah 20:4
soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 19:4Då tok Hanun tenararne åt David og let raka deim og skjera av klædi deira på midten rett upp åt med sætet, og let deim so fara.
Isaiah 19:4Men eg skal gjeva egyptarane i handi på ein hard herre, og ein illrådig konge skal rikja yver deim, segjer Herren, Allhers-Herren.
Isaiah 31:3Og egyptarane er menneskje og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si, og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla, og dei skal alle saman ganga til grunns.
Jeremiah 13:22Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.
Jeremiah 46:19Få deg bunad til langferd, du busitjande Egyptarlands dotter! For Nof skal verta ei audn, so ingen kann bu der.
Ezekiel 30:18I Tehafnehes skal dagen myrkna når eg der bryt sund egyptaroket, og ovmodet og magti skal endast. Sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.