Isaiah 21:3
Difor skjelv mine lender, eg fær rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg er fortumla so eg ikkje kann høyra, eg er forfælt so eg ikkje kann sjå.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:67Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» Slik rædsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.
Isaiah 13:8Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.
Isaiah 16:9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.
Isaiah 26:17Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i riderne når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre.
Jeremiah 49:22Sjå, ein lik ein ørn stig upp og flyg fram og breider ut vengjerne sine yver Bosra. Og hjarta til Edom-kjemporne vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
Daniel 5:5Då synte det seg i same stundi fingrar som av ei mannehand, som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli, midt imot ljosestaken; og kongen såg handi som skreiv.