Isaiah 22:12
Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 35:25Jeremia song ein syrgjesong um Josia, og alle songarane og songmøyarne tala i syrgjesongarne sine um Josia, som dei gjer den dag i dag; det vart fast skikk i Israel å syngja desse kvædi, og dei finst uppskrivne millom Syrgjesongarne.
Nehemiah 8:9Nehemia, jarlen, og den skriftlærde presten Ezra, og levitarne, som lærde folket, sagde til alt folket: «Denne dagen er heilag for Herren, dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde dei ordi i lovi.
Job 1:20Då stod Job upp og reiv kappa si sund og klypte håret av hovudet og kasta seg å gruve og tilbad
Ecclesiastes 3:11Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.
Isaiah 37:1Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, og sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.
Jeremiah 4:8Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.