Isaiah 24:13
For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.
14Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.
Cross References
Isaiah 6:13Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»
Isaiah 17:4På den tid vert Jakobs herlegdom vesall, og holdet hans minkar burt.
Isaiah 17:6Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.
Ezekiel 6:8Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.
Ezekiel 9:4Og Herren sagde med han: «Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og styn yver alle dei styggjor som vert gjorde der inne!»
Ezekiel 14:22Men sjå, det vert leivt nokre undankomne, som vert burtførde, søner og døtter - sjå, dei skal fara til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg førde yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.