Isaiah 24:6
Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.
Cross References
Leviticus 26:22Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude.
Deuteronomy 28:15Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
Deuteronomy 29:22Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,
Joshua 23:15Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.
2 Kings 25:12Nokre av fatigfolket i landet let han vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.
Isaiah 1:31Og den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste, og dei brenn båe til saman, og ingen sløkkjer.