Isaiah 25:8
Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 89:50Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?
Isaiah 30:19For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.
Isaiah 35:10Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»
Isaiah 51:11Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.
Isaiah 60:15Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.
Isaiah 65:19Og eg vil frygda meg yver Jerusalem og fegnast yver mitt folk, ingen gråt skal meir høyrast der eller klagerop.