Isaiah 26:11
Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Herre, du skal hjelpa oss til fred. For alle verki våre hev du verka.
Cross References
Exodus 9:14For denne gongen vil eg senda alle mine plågor yver deg sjølv og mennerne dine og folket ditt, so du skal sanna at ingen er som eg på heile jordi.
1 Samuel 6:9So skal de sjå etter: tek ho vegen heim att til Bet-Semes; so er det han som hev valda oss all denne store ulukka. Men gjer ho ikkje det, veit me det er ikkje hans hand som hev slege oss; men ein vanlagnad som me hev vore ute fyre.»
Psalms 10:12Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!
Psalms 28:5For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp.
Isaiah 5:24Difor, liksom eldslogen øyder strå, og halm skrøkk saman på bålet, soleis skal roti deira rotna og blomen føykjast burt som dust, for di dei vraka lovi åt Herren, allhers drott, og vanvyrde ordet åt Israels Heilage.
Isaiah 11:13Då skal Efraims ovund kverva, og uvenskapen hjå Juda vika; Efraim skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje visa uvenskap mot Efraim.