Isaiah 27:6
I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5utan so dei vilde fly til mi vern, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.»
Cross References
Isaiah 6:13Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»
Isaiah 49:20Endå skal du få høyra borni frå barnløyse segja: «Romet er meg for trongt. Flyt deg, so eg kann få bu!»
Isaiah 60:22Den minste skal verta til tusund, den ringaste til eit veldugt folk. Eg er Herren, i si tid set eg det brått i verk.
Hosea 2:23Og plantar meg henne i landet og miskunnar Lo-Ruhama, og eg segjer til Lo-Ammi: «Folket mitt er du!» og ho, ho skal segja: «Min Gud!»
Hosea 14:6Eg skal vera som dogg for Israel. Bløma skal han som ei lilja, og røtast skal han som Libanon.
Zechariah 10:8Eg vil blistra på deim og samla deim; for eg hev løyst deim ut, og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.