Isaiah 29:14
sjå, difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vise skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 12:17rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar.
Isaiah 19:3Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal fretta ut avgudarne og trollmennerne sine, og deim som manar fram draugar og spåvette.
Isaiah 28:21For Herren skal reisa seg liksom ved fjellet Perasim, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; han skal gjera sitt verk, eit underlegt verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid.
Isaiah 44:25Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.
Jeremiah 19:7Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Obadiah 1:8Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut dei vise or Edom, og vitet or Esaufjelli?