Isaiah 30:13
difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole, som hev rivna ut or ein høg mur, og som brått kann verta nedbroten i ein augneblink.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 20:30Dei som var att, rømde inn i byen Afek, men bymuren ramla ned yver dei sju og tjuge tusund mann som var att. Og Benhadad rømde og kom inn i byen og sprang frå kove til kove.
Psalms 62:3Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.
Psalms 73:19Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende.
Isaiah 29:5Men so skal mengdi av fiendarne dine verta som dumba, og mengdi av valdsmennerne som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg.
Ezekiel 13:14Og eg vil riva ned veggen som de strauk med kalk, og velta honom til jordi, og hans grunnvollar skal verta berrlagde. Når det då ramlar i røys, skal de verta tynte i fallet, og de skal sanna at eg er Herren.
Luke 6:49Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då det huset datt.»