Isaiah 30:14
Han vert krasa, liksom ein krasar krusty, som ein utan skonsel slær sund, so det millom molarne ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 29:20Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.
Psalms 2:9Du skal knasa deim med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra deim.»
Isaiah 27:11Når greinerne hev vorte turre, bryt dei deim av, kvinnfolki nører upp eld med deim. For dette er ikkje noko vitugt folk. Difor miskunnar deira skapar deim ikkje, og han som laga deim, er deim ikkje nådig.
Jeremiah 13:14Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim.
Jeremiah 19:11Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i.
Ezekiel 5:11Difor, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med all din styggjedom og alle dine styggjor, so vil eg og snu meg frå, og mitt auga skal ikkje ynkast, og ikkje eg heller vil spara deg.