Isaiah 30:29
Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når dei gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:1Då song Moses og Israels-folket denne lovsongen til Herren: «Eg vil syngja um Herren, for stor er han, stor; hest og ridar i havet han støytte.
Deuteronomy 16:6men berre på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad; der skal du slagta påskelambet, um kvelden, solegladsbil, på same tid som då du for frå Egyptarland.
Deuteronomy 32:4Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
1 Chronicles 13:7Og dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt frå huset hans Abinadab, og Uzza og Ahjo køyrde vogni.
Psalms 18:31Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
Psalms 42:4Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»